Slaegt

Håkon III Sverresson af Norge1204

Name
Håkon III Sverresson af Norge
Given names
Håkon III Sverresson
Surname
af Norge
Birthyes

MarriageInga fra VarteigView this family
yes

Death of a fatherSverre Sigurdsson af Norge
9 March 1202

Birth of a son
#1
Håkon IV Håkonsson af Norge
about 1204 (on the date of death)

Record ID number
MH:I251
yes

Record ID numberInga fra VarteigView this family
MH:F136
yes

Death 1 January 1204

Family with parents - View this family
father
mother
Marriage:
himself
Family with Inga fra Varteig - View this family
himself
wife
Marriage:
son

Shared note
Håkon 3 Sverresson, død 1. januar 1204, dødssted Bergen, Fødestad og fødselsår er ikkje kjende; gravlagd i Kristkyrkja same stad; før 1185–1204. Konge. Foreldre: Kong Sverre Sigurdsson (ca. 1150–1202), mora ukjend. Frille Inga frå Varteig. Far til Håkon 4 Håkonsson (1204–63); bror til Sigurd Sverresson Lavard (død 1200), farbror til Guttorm Sigurdsson (død 1204). Håkon 3 Sverresson regjerte i snaue to år. Hans viktigaste embetshandling var heimkallinga av dei landflyktige biskopane sommaren 1202 og det påfølgjande forliket mellom kyrkja og kongedømet. Mora til Håkon er ikkje kjend. P. A. Munch argumenterte for at det var Astrid Roesdotter, dotter til biskop Roe på Færøyane, og at Sverre jamvel kan ha vore gift med henne. Seinare historieskriving har ikkje følgt Munch i det. Første gong vi høyrer om Håkon Sverresson er 1197, da han deltok som befalingsmann i det store slaget mot baglarane i Oslo. Også dei følgjande åra skildrar Sverres saga han med sentrale militære oppgåver i viktige kampar for Sverre Sigurdssons kongedøme. Etter meldinga om farens død mars 1202 vart Håkon straks tatt til konge, først over sin eigen birkebeinarflokk og deretter over heile landet ved konungstekja på Øyratinget. Heile kong Sverres hird gjorde eid til den nye kongen. På dødsleiet hadde kong Sverre skrive brev til sonen om riksstyringa; truleg fekk han her råd om å søkje forlik med kyrkja. Alt sommaren 1202 vart dei landflyktige biskopane kalla heim til Noreg, og i eit kongebrev kunngjorde Håkon at han for sin del gav opp striden med biskopane. Hans grunn for dette var å få slutt på lov- og sedløysa i landet, ein tilstand skapt nettopp av kyrkjestriden. Kyrkja fekk i brevet full fridom i samsvar med kanonisk rett og tidlegare avtalar, men slik at dette skjedde utan skade for kongedømet og den rett og sømd kyrkja plikta å syne kongen. Erkebiskop Eirik løyste landet frå interdikt, og vart i eit seinare brev refsa av paven for at dette skjedde utan apostolisk fullmakt. For øvrig uttrykte paven stor glede over regimeskiftet i Noreg, og det forliket som var inngått. Det har vore ein del strid blant historikarar om rettsleg status for og realpolitisk innhald i Håkon Sverressons forliksbrev. Vanleg oppfatning i dag er at brevet først og fremst har karakter av ei allmenn fredssemje med rom for ein viss tolkingspluralisme i spesifikke stridsspørsmål. Samtidig gjer forliket det klart at kong Sverres kamp mot kyrkja ikkje hadde ført fram, og brevet speglar eit samfunnsmessig fredsbehov som riksmaktene måtte ta omsyn til. Håkon fekk no allmenn oppslutning som norsk konge, også på det baglarkontrollerte Austlandet. Baglarflokken vart oppløyst, og det var fred i landet, fortel Boglunga sogur, som er vår hovudkjelde om Håkon Sverressons kongstid. Soga legg elles stor vekt på å skildre det spente forholdet mellom Håkon og stemora Margrete Eriksdotter, og legg all skulda for dette på enkedronninga. Da Håkon vart sjuk jula 1203, kom straks mistanken opp om at han var blitt forgifta av Margrete. Jernbyrden som skulle fri dronninga og mennene hennar frå mistanken, var mislykka, og det var med naud og neppe ho kom seg uskadd tilbake frå Bergen til residensen ho hadde i Sverige. Håkon Sverresson døydde 1. nyårsdag 1204, og vart gravlagd på nordsida i Kristkyrkja, beint imot grava til kong Sverre. Han blir skildra som ein vakker og velbygd mann, mild og myndig, stillvoren og ordhag på same tid. På Island fekk han tilnamnet harmdaude (“sørgjeleg død”). Soga legg til at han i yngre dagar hadde vore ein meir uroleg